Transcript
Page 1: Skulen forventar at  føresette

Skulen forventar at føresette

• Syter for at eleven er utkvilt, har høvelege sko, kle og sunn niste.

• Omtalar skulen, medelevar, tilsette og skulearbeid positivt overfor barna.

• Tek kontakt med skulen /lærar når det er noko de er bekymra for /i tvil om eller usamde i.

• Gir skulen beskjed om hendingar som kan påverke barnet.

• Les og føl opp vekeplanen og andre skriv frå skulen.

• Møter på foreldremøte, utviklingssamtale og sosiale aktivitetar.

• Bidreg aktivt til å skape eit inkluderande klassemiljø.

• Gir beskjed om barnet ditt ikkje møter på skulen.

• Samarbeider med skulen når det gjeld eleven si faglege og sosiale utvikling og føl opp det vi er einige om med kvarandre.

Føresette sine forventningar til tilsette på skulen

• Behandle føresette og elevane med respekt.

• Er løysingsorienterte i samarbeidet med heimane.

• Alle elevar vert sett, høyrt og tekne på alvor.

• Synleggjer eleven si faglege og sosiale utvikling og har klare framovermeldingar.

• Låg terskel for å gje foreldre tilbakemelding.

• Ein tek opp ting raskt når dei tilsette ser trendar på skulen som går i feil retning( t.d mobilbruk, mobbing på facebook og munnbruk). Det er ofte dei tilsette på skulen som fangar dette opp først.

• At skulen har nulltoleranse for mobbing, samt gode retningslinjer for oppfølging.

• Stimulerer til positiv åtferd.• At tilsette tek kontakt dersom

eleven ikkje møter på skulen, og føresette ikkje har varsla om dette.

• Trygt kan vere usamd i sak, men likevel ha eit profesjonelt forhold til borna og føresette.

Føresette sine forventningar til kvarande • Framsnakke andre, og lære barna

å vise omsorg for kvarandre.• Snakke positivt om medelevar og

andre heimar. Ikkje snakke negativt om klassen slik at elevane høyrer.

• Ta kontakt familiar i mellom om problem og dersom foreldre har observert situasjonar som angår «mitt» barn, og omvendt. Roleg og open tone.

• Delta på sosiale klassearrangement.

• At ein skal ha respekt for kvarandre og inkludere alle.

• Ein kan forvente at føresette/foreldre følgjer opp tiltak som blir satt i verk.

• At det ikkje vert vist filmar og spel i heimane som er over aldersgrensa når dei har besøk av vener.

• Lære ungane «sunt folkevett».• Vise omsorg for alle.• Låg terskel for å ta kontakt.

 

Sunde Skule

Heim – skule samarbeid revidert 2013

Page 2: Skulen forventar at  føresette

Snakk positivt-> om skulen, dei tilsette, andre elevar og foreldre i bornas påhøyr.

Utvikling-> Elevane veit kva dei kan og kva dei må gjere for å verte betre.

Nulltoleranse- > for mobbing, gode retningslinjer for oppfølging.

Delta -> på sosiale klasse- og skulearrangement.

Engasjer deg -> det er skulekvardagen til ditt born det gjeld.

Gjennom arbeid på foreldremøta, møte med alle klassekontaktane, møte for personalet på skulen, samt i FAU har vi i haust 2013 arbeidd med skule – heim plakaten. Den reviderte utgåva har vi utvida til også å gjelde forventningar oss foreldre i mellom. Vi håpar de som føresette set av tid til å lese gjennom plakaten, samt at vi alle set fokus på å etterleve dei forventningane vi har til kvarandre 

Takk, til alle som har bidrege til ny skule- heim plakat! Sunde 02.01.2014

På vegne av FAU: Elin Botnen Viken-leiar-

For Sunde skule: Anne Finsveen Midtbø

-rektor -

http://sundeskule.noEpost:  [email protected]. kont.:57 82 87 30

Sunde skule

« På same lag»

 

Skule-heimsamarbeid

Sunde Skule

Heim – skule samarbeid revidert 2013


Recommended